top of page
Vintage film photography of two people rowing a small red dinghy on a calm lake. A larger boat in the distance and hazy mountains create a nostalgic, peaceful atmosphere.

Sogn Fjord
Restaurering AS


Med mål om ein levande fjord

Om SFR AS 
                                                          
 Sogn Fjord Restaurering AS arbeider for ein levande og sterk Sognefjord gjennom kunnskapsdeling, overvaking og målretta restaureringstiltak.

Kvifor ein levande fjord?

Generasjonar har levd med og av Sognefjorden. Fjorden har gitt mat, arbeid og opplevingar. No treng han vår hjelp. Målet er å få "motoren" i gang att. For mange av oss som fiska på 70-, 80- og 90-talet, er utviklinga tydeleg. Utan målretta tiltak risikerer vi at nullfiske blir den nye normalen. Difor treng vi eit generasjonsovergripande samarbeid for ein levande fjord.

Lokal Kunnskap

Ei vellykka restaurering av Sognefjorden må byggjast på lokale forhold, lokal kunnskap og lokalt eigarskap.

Sognarådet, kraftprodusentar, næringsliv, kommunar, forskingsmiljø og frivillige må samarbeide om konkrete tiltak.

Gjennom brei involvering kan prosjektet skape både miljøgevinstar, arbeidsplassar og ny kunnskap.

Overvaking av fjordøkosystemet

Eit levande økosystem krev kunnskap. Gjennom målretta tiltak som oksygenering og overvaking kan vi følgje utviklinga i fjorden og måle effektar på mellom anna kiselalgar, raudåte, salinitet, brisling og tareskog. Målet er å styrkje dei naturlege prosessane som dannar grunnlaget for livet i fjorden. Kunnskapen gir eit betre grunnlag for framtidige restaureringstiltak.
IMG_8579.jpg

Sognefjordmodellen

IMG_0734.jpg

Sognefjordmodellen byggjer på eit enkelt prinsipp:

For kvar 1 000 kroner som vert skapte gjennom regional kraftproduksjon, vert 1 krone investert tilbake i Sognefjorden.

Målet er å etablere eit langsiktig fjordfond som kan finansiere kunnskap, overvaking og restaurering av Sognefjordens økosystem.

Naturen skaper verdiar.

Ein liten del av verdiane blir investert tilbake i naturen.

bottom of page